Apertium er ei fri/open kjeldekode maskinomsetjingsplattform, opphavleg meint for nærskylde språk, men seinare utvida til å handtera meir ulike språkpar (som nordsamisk-bokmål). Plattformen tilbyr
Apertium vil gjerne ha nye utviklarar: Viss du trur du kan betra på motoren eller verktøya, eller utvikla språkdata for oss, må du ikkje nøla med å ta kontakt.
Dokumentasjon finn du på wikien vår på sida Documentation. Me har publisert ei rekkje artiklar til konferansar og tidsskrift; du finn ei liste over desse på wikien på sida Publications.
Du finn siste utgåvene av Apertium-verktøya, i tillegg til språkdata, på GitHub-sida. Du finn installasjonsrettleiing for Apertium på alle vanlege plattformer på sida Installation på wikien.
Ta gjerne kontakt om du finn ein feil, har lyst til å jobba på eit prosjekt eller vil hjelpa oss på ein eller annan måte.
Den raskaste måten å få kontakt med oss er ved å gå inn i IRC-kanalen vår, #apertium på irc.freenode.net, kor brukarar og utviklarar av Apertium møtest. Du treng ikkje å lasta ned eit IRC-program; det er nok å opna freenode sin webchat.
Du bør òg abonnera på e-postlista apertium-stuff, kor du kan leggja inn meir utbroderte forslag eller problem, og følgja med på ymse diskusjonar rundt Apertium.
Ta gjerne kontakt med oss via e-postlista apertium-contact viss du finn ein feil eller har eit prosjekt du vil at me skal ta fatt i, eller har lyst til å hjelpa til.
Denne nettstaden er halden vedlike av Apertium. apertium-contact@lists.sourceforge.net
Ta gjerne kontakt om du finn ein feil, har lyst til å jobba på eit prosjekt eller vil hjelpa oss på ein eller annan måte.